SNO Vang i Valdres

Naturoppsyn i Jotunheimen nasjonalpark

SNO Vang har kontor i Åsvangveien
SNO Vang i Valdres har kontor i Åsvangveien, ved Hensåsen i Vang.
© Rigmor Solem

Ansatte

Rigmor Solem

Solem Rigmor_90x120pix_edited-1

959 65 158

61 36 71 71

Send e-post

Naturoppsyn Rigmor Solem er tilknyttet Seksjon naturtilstand areal med hovedansvar for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.

Oppsynsområde

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde er eit av fjellområda i Noreg som er mest nytta i samband med friluftsliv. I området ligg nokre av dei mest etterspurte turmåla i landet. Jotunheimen er prega av både austlandsk og vestlandsk fjellnatur. Frodige, lågareliggjande dalar, særeigne vassdrag og fossefall, ei mengd brear og dei høgste fjella i Nord-Europa finst her. I Utladalen er det fleire nedlagte gardsbruk, stølar og husmannsplassar.

Maradalen i Hurrungane
Maradalen i Hurungane landskapsvernområde. Foto: Rigmor Solem.

Arbeidsoppgåver

SNO Vang i Valdres har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i Friluftsloven, Naturvernloven, Motorferdselsloven, Kulturminneloven, Viltloven, Laks og innlandsfiskloven og deler av Forureiningsloven. Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Vang i Valdres har ei særlig oppgåve i forhold til oppsyn i Jotunheimen nasjonalpark (1151 km2 ) og Utladalen landskapsvernområde (334 km2) og seks mindre verneområder i Vang og Vestre Slidre. 

SNO Vang i Valdres løyser deler av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå to fjellstyrer(  Lom og Vågå), en kommune (Luster), en privatperson  (Vang) og en stiftelse (Årdal). Disse utførar hovudsakleg naturoppsyn og tiltak i verneområda.

Adresse
Åsvangvegen 16A
2975 Vang i Valdres
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Rigmor Solem Mobil:959 65 158