SNO Suldal

Naturoppsyn i Setesdal, Vesthei og Ryfylkeheiene.

SNO Suldal
SNO sitt kontor i Suldal ligg på Gardaneset på Sand. Her har Suldal kommune eit kontorbygg der Teknisk etat, Bygdeutvikling og M
© Reidar Johan Sandal

Ansatte

Reidar Sandal

Sandal Reidar_90x120pix

908 77 844

Send e-post

Naturoppsyn Reidar Johan Sandal er tilknyttet seksjon tilsyn kyst og har ansvar for naturoppsynet i kystområdene i det nordlige Rogaland og i verneområdene i Setesdal-Ryfylkeheiane.

Oppsynsområdet
SNO Suldal har naturoppsyn i dei store verneområda i Rogaland knytt til Setesdal-Ryfylkeheiane. Kontoret har og ansvaret for oppsyn i fjordsystema knytt til Nord-Rogaland og Sunnhordland. I tillegg har kontoret ansvar for oppsyn med mindre verneområde (naturreservat, fuglefredningsområde og kulturminne) i Nord-Rogaland.



Arbeidsoppgåver
SNO Suldal har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i Friluftsloven, Naturvernloven, Motorferdselsloven, Kulturminneloven, Viltloven, Laks og innlandsfiskloven og deler av Forureiningsloven. Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Suldal har samen med SNO Hægebostad og SNO Bykle ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Fokus er særleg retta på trua og sårbare arter, motorferdsel, jakt, fiske og ferdsel. Kontoret har også ansvaret for koordinering av villreinoppsynet i Setesdal/Ryfylke og hjorteoppsynet på Haugalandet. Sjøoppsyn, lakseoppsyn og registrering av til dømes store rovdyr, villrein og rovfugl er også viktige oppgåver.

Verneområda utgjer eit samla areal på 3.450 kvadratkilometer fordelt på 18 naturreservat, seks landskapsvernområde, eit fuglefredingsområde og eit biotopvernområde. Arbeidet inneberer oppsyn med vernereglene, tilsyn med skilt og informasjonstavler i verneområda samt oppfølging av forvaltnings- og skjøtselsplanar som gjør at brukarane veit kva dei har å halde seg til.

SNO Suldal løyser delar av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå Villreinlaget, som utførar jaktoppsyn under villreinjakta i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Adresse
4230 Sand
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Reidar Sandal Mobil:908 77 844