SNO Sandane

Naturoppsyn i Naustdal-Gjengedal og Ålfotbreen landskapsvernområde.

Sandane Næringshage_edt 630px
SNO Sandane har kontor i Sandane Næringspark.
© Rune Holen

Ansatte

Rune Holen

Holen Rune_90x120pix_edited-1

975 95 102

Send e-post

Naturoppsyn Rune Holen er tilknytta seksjon naturbruk og har tilsyn med Naustdal – Gjengedal og Ålfotbreen landskapsvernområde og nærliggande verneområder.

Oppsynsområde

SNO Sandane har ansvaret for naturoppsyn i Sogn og Fjordane, hovudsakleg midtre delar av Sunnfjord og Nordfjord,  knytt til Naustdal – Gjengedal og Ålfotbreen landskapsvernområde. I tillegg har SNO Sandane oppsyn med naturreservat, fuglefredingsområde og naturminne i området.   

Arbeidsoppgåver

SNO Sandane har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturmangfoldlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Naustdal- Gjengedal landskapsvernområde

Fjellandskapet vart verna 09.01.2099 for å ta vare på eit av dei største samanhengande naturområda på vestlandet utan tyngre tekniske inngrep. Landskapsvernområdet femnar om eit areal på 394 km2 i kommunane Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal. Området ligg mellom Sunnfjord og Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Av villmarksprega område av ein viss storleik i landet, er Naustdal- Gjengedal eit av dei som ligg lengst vest, og som har klar oseanisk påverknad. Landskapet har stor variasjon, frå dei tronge og lange dalføra opp frå Gloppefjorden til fjellvidder og brear. Området har noko av det ypparste ein finn av lågfjellslandskap i Sør-Noreg. Særleg landskapet knytt til vassdraga gjer inntrykk. Dei mange dalane med elvar og fleire mindre vatn er karakteristiske for området. Fjella her er for det meste avrunda, men med einskilde eggar. Dei høgaste  fjella finst mot Breimsvatnet i aust, og er omgitt av små botnbrear. Den høgste toppen er Botnafjellet på 1572 moh.

Ein liten villreinstamme har tilhald i landskapsvernområde, og hjorten har beiteområde i skogane. Fuglefaunaen er rikast i myrområda, men skil seg elles ikkje stort frå dei andre lågareliggande  fjellområda på vestlandet.

 Naustdal- Gjengedal er eit populært friluftslivområde. Det urørte preget område har er ein vesentleg del av opplevinga. Det varierte landskapet er noko av det flottaste lågareliggande fjellandskapet ein har i Noreg. Her finn ein både lettgåtte turar og turar med større utfordingar. Det er gode vilkår for å drive dei fleste typar friluftslivsaktivitetar.

Ålfotbreen landskapsvernområde

Gjegnalundsbreen og området rundt vart verna 09.01.2009 for å ta vare på eit av dei mest særprega fjellområda på vestlandet. Landskapsvernområdet femnar om eit areal på 226 km2 i kommunane Bremanger, Florø og Gloppen. Området ligg mellom Sunnfjord og Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Arbeidet med vern av Ålfotbreen landskapsvernområde har vore omstridd, men det er heva over tvil at Nordfjord med dette har sikra seg eit av dei aller mest spesielle verneområda i Noreg. Ålfotbreen landskapsvernområde har ein uovertruffen spennvidde frå varmekrevjande edellauvskog langs Hyefjorden, via rike dalføre og fjell til isbre og høge toppar. Dette er det einaste større verneområdet i Noreg på berggrunn frå devontida, noko som gir seg utslag i særprega terrengformasjonar med fjell og vassdrag i trappetrinn, og funn av fossile plantar og fisk frå den gangen høgfjellet var havbotn.

Fuglelivet i området er relativt artsrikt. Ålfotbreen er av stor betyding for rovfuglar, og det leve fleire sjeldne og truga artar som kongeørn, havørn og jaktfalk her. Dyrelivet ha vore spesielt for eit så kystnært område i tida før dei store vasskraftutbyggingane, mellom anna hadde fjellrev meir eller mindre fast tilhald. I dag er pattedyrfaunaen dominert av hjorten, som har gode levekår dei bratte lisidene. I fjellet finst interessante og rike botaniske førekomstar. Det er gjort verdifulle fossilfunn her, og det er funne fleire sjeldne kulturminne frå steinalder, bronsealder og jernalder.

Sjølv om mye av fjellområda rundt Ålfotbreen er prega av kraftutbygging, er dette på grunn av dei særeigne landskapsformasjonane lite synleg inne frå verneområdet. Området er da også mye brukt til friluftsliv, sjølv om delar av fjella er vanskeleg tilgjengelege. Gjegnen (Blånibba) med sine 1670 meter er den høgaste toppen vest for Jostedalsbreen.

Adresse
Krånavegen 5
6823 Sandane
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Rune Holen Mobil:975 95 102