SNO Rosendal

Naturoppsyn i Folgefonna nasjonalpark

Folgefonnasenteret_590px
SNO Rosendal har kontorplass ved Folgefonnasenteret.
© Folgefonnasenteret

Ansatte

Olaf Bratland

Brattland Olaf_ 90x120pix_edited-1

970 23 013

53 48 34 10

Send e-post

Naturoppsyn Olaf Bratland er tilknyttet seksjon tilsyn innland og har ansvar for naturoppsynet i Folgefonna nasjonalpark og mindre verneområder i området.

Oppsynsområde
SNO Rosendal har oppsynsansvar for Folgefonna nasjonalpark, som brer seg over 5 kommunar: - Jondal, Ullensvang, Kvinnherad, Etne og Odda. I tillegg har SNO Folgefonna oppsynsansvar for 5 landskapsvernområder, Buerdalen(Odda), Bondhusdalen, Ænesdalen og Hattebergdalen (Kvinnherad), og Sævareidberget(Etne). SNO Folgefonna har og oppsynsansvar for 5 mindre naturreservat som i hovedsak ligg i, eller i nær tilknytning til, Folgefonn-halvøya.

Arbeidsoppgaver
SNO Rosendal har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks- og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet inneber og rettleiing og informasjon, samstundes som det kan innebære skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
SNO Rosendal har ei særleg oppgåve med oppsyn i Folgefonna nasjonalpark og dei 4 landskapsvernområda direkte knytt til nasjonalparken (Buerdalen, Bondhusdalen, Ænesdalen og Hattebergdalen) Verneområda SNO Rosendal har oppsynsansvar for, omfattar eit samla areal på 609302 daa, fordelt på ein nasjonalpark, 5 lanskapsvernområde og 5 naturreservat.

Adresse
Skålafjæro 17
5470 Rosendal
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Olaf Bratland Mobil:970 23 013