SNO Luster

Naturoppsyn i Breheimen og Jostedalsbreen nasjonalparker, samt mindre verneområder i Indre Sogn.

Kontor SNO Luster2
SNO Luster har kontor i rådhuset i Gaupne.
© Liv Byrkjeland

Ansatte

Liv Byrkjeland

Liv Byrkjeland

992 67 670

Send e-post

Anne Rudsengen

Rudsengen Anne_90x120pix_edited-1

959 63 888

Send e-post

Naturoppsyn Liv Byrkjeland er tilknytt Seksjon naturtilstand areal (SNN) og har tilsyn med Breheimen nasjonalpark og nærliggande verneområder i Luster kommune.

Naturoppsyn Anne Rudsengen er tilknytt seksjon Seksjon naturbru( SNB) og har tilsyn med Jostedalsbreen nasjonalpark og mindre verneområder i Indre Sogn.

Oppsynsområdet

Breheimen nasjonalpark inneheld eit mangfald av naturtypar og  har nokon av dei største villmarksprega områda som er att i Sør-Norge. Samspelet mellom flora og geologi gjev området store opplevingsverdiar. Breane, tindane, høgfjellsvidder, vassdraga med frittrennande elvar og fossar, den spesielle fjellvegetasjonen, frodige dalar med innslag av edellauvskog og levande kulturlandskap gjer at området er unikt i nasjonal samanheng. 

Breheimen er delt i to oppsynsområde etter fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane er det dei brekledde høgfjellsområda og bratte liane ned mot dei djupe dalføra som karaktriserar området. Det finst mykje rik vegetasjon med ei rekkje raudelisteartar og biotopar med både truga og sjeldne fugleartar. Her er gode hjortebestandar, og det finst også store  rovdyr i verneområdet. Villreinen har forsvunne frå området i Sogn og Fjordane.

Breheimen er også rikt på kulturminne. Her kan du sjå både dyregraver, fangstanlegg, stølar og gamle ferdavegar. Området er godt eigna for utøving av enkelt friluftsliv, både for fot- og skiturar, brevandring, klatre- og toppturar. Den Norske Turistforeining har eit godt utbygd stinett og fleire hytter innanfor og like utanfor verneområda.

Drivandefossen i Breheimen nasjonalpark   Råsane i Breheimen nasjonalpark

Drivandefossen i Mørkridsdalen landskapsvernområde. Foto: Liv Byrkjeland

Råsane i Mørkridsdalen landskapsvernområde.
Foto: Liv Byrkjeland

Arbeidsoppgåver

SNO Luster har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid. Skilting av verneområda og utviklingsarbeid er også viktige oppgåver.

Adresse
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Anne Rudsengen Mobil:959 63 888
  • Liv Byrkjeland Mobil:992 67 670