SNO Lom

Naturoppsyn i Jotunheimen og regionalt rovviltansvar i Oppland.

SNO Lom_EB_edt
SNO Lom har kontor ved Norsk Fjellmuseum
© Esben Bø

Ansatte

Esben Bø

Bø Esben_90x120pix edited-1

957 22 733

61 21 16 99

Send e-post

Naturoppsyn Esben Bø er tilknyttet seksjon rovvilt og har ansvar for rovviltarbeidet i Oppland.

Oppsynsområdet

Lokalkontoret i Lom utførar naturoppsyn i fylka Oppland og Sogn og Fjordane. I tillegg har kontoret regionalt rovviltansvar i Oppland fylke.



Arbeidsoppgåver

SNO Lom har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

SNO Lom har ei særlig oppgåve i forhold til koordinering av rovviltoppgåvene i regionen. Dette omfattar arbeid med dokumentasjon av skader årsaka av rovvilt, bestandsregistrering av rovvilt, samt drift og kvalitetssikring av et nettverk av lokalt engasjerte rovviltkontaktar. Kontoret har eit tett samarbeid med Mogens Lorentzen, SNO Dombås, som er regionmedarbeider på rovvilt i Oppland.

Kontoret har ei særleg oppgåve med oppsyn i Jotunheimen nasjonalpark, og fleire mindre verneområde i regionen. Verneområda omfattar eit samla areal på 1.504 kvadratkilometer fordelt på ein nasjonalpark, 11 naturreservat og to landskapsvernområde. Ansvaret for saksbehandling på villrein for SNO ligg også til kontoret i Lom.

SNO Lom har store tenestekjøp i samband med jervsporing og oppsyn i verneområde frå ei rekkje lokale oppsynsordningar. Disse samarbeidspartane er Luster og Skjåk kommunar, fjellstyra i Dovre, Finndalen, Fron, Gausdal, Lom, Ringebu, Vågå, Øystre Sildre og Øyer, Skjåk allmenning, samt to privatpersonar.

Adresse
2688 Lom
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Esben Bø Mobil:957 22 733