SNO Geiranger

Naturoppsyn i Geiranger-Herdalen  landskapsvernområde.

SNO Geiranger
SNO Geiranger har kontor i Norsk Fjordsenter.
© Jacob Årset

Ansatte

Kjell Hansen

Kjell Hansen

901 64 801

Send e-post

Naturoppsyn Kjell Hansen er tilknytta Seksjon Naturbruk og har tilsyn med Geiranger-Herdalen  landskapsvernområde og nærliggande verneområder.

Oppsynsområde

SNO Geiranger har oppsyn i landskapsvernområdet Geiranger-Herdalen med tilgrensande naturreservat og landskapsvernområde i kommunane Stranda og Norddal. Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet står på UNESCO si liste som naturarv (Vestnorsk fjordlandskap), og i geofagleg samanheng er områda unike døme på fjordlandskap med eineståande naturkvalitetar.

Arbeidsoppgåver

SNO Geiranger har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gitt i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan drive med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Andre viktige arbeidsoppgåver er lakseoppsyn og tilretteleggingstiltak i verneområda.

 

Adresse
Norsk Fjordsenter, Mjelkesletta
6216 Geiranger
Vis stort kart
Kontaktinformasjon
  • Kjell Hansen Mobil:901 64 801