Naturoppsyn Breheimen nasjonalpark
Naturoppsyn Liv Byrkjeland er tilknytt Naturparkseksjon nord og har tilsyn med Breheimen nasjonalpark og nærliggande verneområder i Luster kommune.
Breheimen nasjonalpark inneheld eit mangfald av naturtypar og har nokon av dei største villmarksprega områda som er att i Sør-Norge. Samspelet mellom flora og geologi gjev området store opplevingsverdiar. Breane, tindane, høgfjellsvidder, vassdraga med frittrennande elvar og fossar, den spesielle fjellvegetasjonen, frodige dalar med innslag av edellauvskog og levande kulturlandskap gjer at området er unikt i nasjonal samanheng.
Breheimen er delt i to oppsynsområde etter fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane er det dei brekledde høgfjellsområda og bratte liane ned mot dei djupe dalføra som karaktriserar området. Det finst mykje rik vegetasjon med ei rekkje raudelisteartar og biotopar med både truga og sjeldne fugleartar. Her er gode hjortebestandar, og det finst også store rovdyr i verneområdet. Villreinen har forsvunne frå området i Sogn og Fjordane.
Breheimen er også rikt på kulturminne. Her kan du sjå både dyregraver, fangstanlegg, stølar og gamle ferdavegar. Området er godt eigna for utøving av enkelt friluftsliv, både for fot- og skiturar, brevandring, klatre- og toppturar. Den Norske Turistforeining har eit godt utbygd stinett og fleire hytter innanfor og like utanfor verneområda.
|
![]() |
|
Drivandefossen i Mørkridsdalen landskapsvernområde. Foto: Liv Byrkjeland |
Råsane i Mørkridsdalen landskapsvernområde. Foto: Liv Byrkjeland |
SNO Luster har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid. Skilting av verneområda og utviklingsarbeid er også viktige oppgåver.