Fartskontroll i Nærøyfjorden


Oppdatert: 03.07.2009
Tysdag denne veka vart det halde kontroll av skipstrafikken i Nærøyfjorden, ei sidearm av Sognefjorden. Kontrollen var eit samarbeid mellom Kystvakta, politiet og Statens naturoppsyn, og ein bår vart teken med for stor fart gjennom heile fjorden, medan tre andre båtar fekk tilsnakk for å halde for stor fart i delar av fjorden.

KV Tor på fartskontroll i Nærøyfjorden - Copyright: Rein-Arne Golf
Kontrollen vert halden med kystvaktskipet KV Tor, som her er i Aurlandsfjorden. Foto: Rein Arne Golf.

Nærøyfjorden landskapsvernområde vart oppretta i 2002. Av fare for skader på den gamle Kongevegen langs østsida av Nærøyfjorden vert det innførd fartsgrense gjennom delar av landskapsvernområde. I verneforskrifta for området står det at motorferdsel på land og i vatn / vassdrag er forbode, og på fjorden mellom Skalmenes og Bleiklind er det maksimum 8 knop for båtar over 30 fot. Mindre båtar har ingen begrensing.

Fartsgrensa for båtar gjeld m.a.o. der Nærøyfjorden er på det smalaste. Grunngjevinga for fartsreduksjonen i verneforskrifta er at det langs sjølinja ligg fleire kulturminne som vert påverka av erosjon frå bølgjer. Særskilt må nemnast den gamle Kongevegen, eller Postvegen som går mellom Bleiklindi og Styvi.

Under kontrollen på tysdag vart det oppretta ei sak hjå politiet på ein båt som held for høg fart i heile fjorden, og tre andre båtar held for høg fart enten inn eller ut av sona og fikk dermed tilsnakk.

- Det er svært uheldig at fartsbegrensninga ikkje vert overhalde i denne sårbare delen av fjorden, seier Rein-Arne Golf, SNO Aurland, i ein kommentar etter kontrollen.
- At 2009 er utpeika som kulturminneår gjer ikkje saka betre og det er i den samanheng starta eit arbeid med vedlikehald og restaurering av den gamle Kongevegen langs Nærøyfjorden. Desse kulturminna er utsett for erosjon frå ein aukande trafikk på fjorden og treng årleg vedlikehald på grunn av at dei store båtane ikkje overheld reglane, fortel Golf.   

Nærøyfjorden har og status som verdsarvområde hjå UNESCO. Kulturminna i området er ein viktig del av denne verdsarven og mange reiselivsverksemder har nytte av denne statusen.

Kongeveien langs nærøyfjorden - Copyright: Rein-Arne Golf
Deler av den gamle Kongevegen som er utsett for erosjon frå store båtar i høg fart. Det er no starta restaureringsarbeid på delar av vegen. Foto: Rein-Arne Golf.

Kart over Nærøyfjorden
Kart over delar av Nærøyfjorden, der den gamle Kongevegen er prikka langs fjøra på austsida. Dei raude streka syner grenser for fartsbegrensinga på 8 knop, som gjeld mellom Skalmenes og Bleiklindi.

Oppdatert: 03.07.2009