Orienteringsmøte om jerven i Ryfylkeheiane


Oppdatert: 19.01.2009
Måndag 19.01. hadde Statens naturoppsyn (SNO) møte med dei tre ordførarane i Sauda, Suldal og Hjelmeland. Møtet kom i stand for å utveksla informasjon om jerven i Ryfylkeheiane og SNO si rolle i samband med dette.

personer 580 
Deltakarane på møtet (f. venstre): Frå SNO, regionansvarleg rovvilt Agder og Rogaland Jon Erling Skåtan og naturoppsyn Suldal Reidar Johan Sandal. Frå kommunane, ordførar i Sauda Laura Seltveit, ordførar i Hjelmeland Bjørn Laugaland og ordførar i Suldal Torkel Myklebust.

SNO si oppgåve er å registrera og dokumentera store rovdyr. I fjellet skjer dette ved eigeninnsats eller kontroll av innkomne meldingar. Det er dei to siste vintrane jamnleg registrert aktivitet av jerv i Ryfylkeheiane. I haust påviste SNO for dyreeigarane at 23 lam var tekne av jerv. Gjennom erstatningsordninga sannsynleggjorde Fylkesmannen at jerven hadde teke 13 sau og 178 lam.

I inneverande sesong, frå 10. september til og med 15. februar, føregår det lisensfelling på jerv. Dette er ei fellingsform som blir gjennomført av vanlege jegerar etter norske jakttradisjonar. Det er ei nasjonal målsetjing at felling av store rovdyr skal gjennomførast på denne måten. SNO har inga rolle i samband med sjølve lisensfellinga, berre ei informasjons- og kontrolloppgåve. 

Direktoratet for naturforvaltning kan gjera vedtak om uttak av jerv etter at lisensjakta er slutt. SNO kan då eventuelt få i oppdrag og gjennomføra desse fellingane. Slike uttak av dyr er for å regulera bestanden i skadeutsette områder. Slike bestandsreguleringar må ikkje forvekslast med lisensfellinga.

 

Kontaktperson:

Regionansvarleg rovvilt Agder og Rogaland, Jon Erling Skåtan, tlf 48254803

 

jervespor 580

Jervespor frå Sandvatn i Suldal 14.04.2008.  Foto: SNO.

 

sporrekke 580
Sporrekke etter jerv på veg ned i Kvanndalen 14.04.2008.  Foto: SNO.

Oppdatert: 19.01.2009