Villreinjakta i Setesdalsheiene i 2007


Oppdatert: 14.12.2007
Oppsynet i villreinområda Setesdal Ryfylke, Setesdal Austhei og Våmur-Roan registrerte to lovbrot, eit for brot på viltlova og eit for brot på motorferdselova. I tillegg vart det gjeve tre åtvaringar for ikkje medbrakt jegeravgiftskort under jakt. Kvotane i Setesdal Ryfylke var historisk låge dette året. Berre 67 dyr vart felte. På Austheia vart det felt 164 dyr, her var det mykje dyr å sjå. I Våmur-Roan var det ikkje jakt i år.
Villreinjakt - Copyright: Jon Erling Skåtan
Frå villreinjakta i Setesdalsheiane. Foto: Jon erling Skåtan


Oppsynet har prioritert oppgåvene slik:

·        Førebygging, rettleiing og informasjon.

·        Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte, og at ettersøk av påskotne dyr vart utført.

·        Heilskapleg oppsyn med lokale prioriteringar, t.d. kontroll med motorferdsel i utmark og vassdrag samt kontroll med verneforskriftene i verneområda.      

Planlegginga skjedde også dette året i regi av SNO i Setesdal-Ryfylkeheiane og villreinlaga.

SNO stilte til rådvelde naudsynt materiell, kommunikasjons- og tryggleiksutstyr til personellet. Innleigd personell arbeidde etter skriftleg instruks frå SNO. Dagleg leiing av oppsynet var eit samarbeid mellom SNO i Setesdal-Ryfylke og oppsyns-ko på Skinnarbu.

Jakta har vore roleg og fin. Det er ikkje meldt om stygge episodar. Me har motteke melding om eit skadeskote dyr i nordområdet på Austheia. Det er lite jegerar å sjå midt i vekene. Trykket er litt større i helgene og i starten og slutten av jakta. Oppsynet er nøgde med måten jegerane utfører jakta på.

Nærare om fellingsresultata, les du i vedlegga til rapporten.

Heile oppsynsrapporten kan lesast her. Rapport 41-2007 (1,25 Mb)

Kontaktperson:
SNO Suldal: Reidar Johan Sandal, tlf. 90877844.

 

 

Oppdatert: 14.12.2007