Villreinjaktoppsynet på Hardangervidda 2007


Oppdatert: 26.11.2007
Oppsynet på Hardangervidda under villreinjakta har i år registrert 2 lovbrot for manglande ettersøk av påskoten villrein. I tillegg vart det gjeve 13 advarslar fordelt på ulike forhold. Det var gjeve ei fellingskvote på 1800 dyr på vidda i år, og av de vart 671 skoten. Naturoppsynet som i år vart utført av 25 personar som gjekk ialt over 3500 timar oppsyn, kontrollerte / informerte tilsaman 662 jegerar i løpet av jakta.
Villrein Hardangervidda - Copyright: Terje Kvalvik
Villreinflokk på Hardangervidda. Foto: Knut Nylend

 

Villreinjakta på Hardangervidda- leveområdet for Europas største villreinstamme- vart avslutta 30. september etter å ha vart i 6 veker. Enkelte av statsalmenningane hadde noko kortare jakttid.  Fellingskvoten for Hardangervidda var i år 1800 dyr.

Oppsynet har prioritert oppgåvene slik:

  • Førebygging, rettleiing og informasjon.
    Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte, og at ettersøk av påskotne dyr vart utført.
  • Kontroll med retta avskyting og gjeldande regelverk for Hardangervidda villreinområde.

Oppsynet har i år registrert 2 lovbrot på manglande ettersøk av villrein. I tillegg vart det gjeve 13 advarslar fordelt på ulike forhold.

I forhold til problematikken rundt skadde dyr, - så synest det å vera ein svak nedgang ift føregåande år.  Oppsynet har avliva 3 skadde dyr mens jegerane har avliva 8 dyr. Oppsynet har inntrykk av dei aller fleste jegerane jaktar på ein forsvarleg måte. Det har likevel vorte registrert eksempel på uheldige jaktsituasjonar der både oppsyn og andre jegerar har funne daude dyr i etterkant av situasjonane. Dette visar at trongen for  både informasjon, rettleiing og kontroll framleis er tilstades under villreinjakt.

Oppsynet vil i år som i fjor minne jegerane om plikta til ettersøk av påskotne dyr der desse ikkje fell umiddelbart.

Oppsynet på Hardangervidda er ei samhandling mellom Statens naturoppsyn, Hordaland, Nordre- Buskerud og Telemark politidistrikt og Hardangervidda fjelloppsyn a/s.  Mannskap frå desse har utført til saman 3544,5 timar teneste i samband med jakta, og kontrollert/ informert 662 jegerar

Oppsynssentralen er som før lokalisert til nasjonalparksenteret på Skinnarbu. Som tidlegare år har det vore knytta fleire villreinområder til denne sentralen. Dette er, i tillegg til Hardangervidda; Setesdal/Ryfylke, Setesdal Austhei, Våmur/Roan, Nordfjella, Brattefjell/Vindeggen, Norefjell/Reinsjøfjell, og Lærdal/ Årdal. I Blefjell villreinområde var det ikkje jakt i år. Denne sentralen har vore tilgjengeleg for jegerane på tlf 81532450 mellom klokka 0800-2000 kvar dag i jakta. Dette har vore ein servicetelefon med generell informasjon og veiledning. Det vart registrert totalt 784 telefonar over denne telefonen i jakta.

Villreinnemda for Hardangervidda melder om at fellingsresultatet for 2007 var 671 dyr. Nærare om fellingsresultat er lagt ut på www.villreinen.no

Heile oppsynsrapporten kan lesast her: SNO-Rapport 39 (2007)

Kontaktpersonar:

Fung.koordinator for Politiet: Øystein Torsnes, Odda, tlf. 53651500/ 95066780.
SNO Skinnarbu: Knut Nylend, Skinnarbu, tlf. 35081251/ 99529387.

Oppdatert: 26.11.2007