Stiprosjektet i Jotunheimen inn i sin tredje driftssesong


Oppdatert: 02.07.2007
Arbeidet med turstiane opp til Besseggen er godt inne i sin tredje sesong. Stien opp frå Gjendesheim er snart ferdig og arbeidslaget vil flytte inn til Memurubu og tek til med den noko brattare stien opp på vestsida med det fyrste.
  Besseggenstien ved Gjendesheim - Copyright: Rigmor solem
Her er litt av resultatet frå arbeidet de to fyrste to åra, med steinsetting av stien og revegetering på sidane. Foto: Rigmor Solem.

Da prosjektgruppa for ”Stiprosjektet i Jotunheimen” (Fylkesmannen i Oppland, DNT Oslo og Omegn, Lom fjellstyre, Vågå fjellstyre og Statens naturoppsyn), var på synfaring ved Gjendesheim den 21. mai, fekk vi enda ein gong stadfesta at restaureringsarbeidet på Besseggenstien så langt ber preg av skikkeleg utført handverk. Solide vassrenner, steinsetjing av stien og revegetering av slitasjespor i området opp frå turisthytta og parkeringsplassen, gjer at stien no ser ut til å tole smeltevassmengder og stor ferdsel  på ein mykje betre måte enn tidlegare.  Avstenging av ein del ”villstiar” med midlertidige gjerde har også ført til eit ryddigare inntrykk av området, og attgroing av gamle slitasjespor ser ut til å vere godt i gang. Kompetanse henta heim frå liknande stiarbeid i Snowdonia nasjonalpark i Wales, men tilpassa forholda ved Gjende, ser ut til å vere ”vegen å gå” i denne type terreng med såpass stor ferdsel. Dette er handverkskompetanse som fjellfolk har meistra her i landet tidlegare, og som lokalt engasjert mannskap vidarefører i Jotunheimen i dag.  

Ferdselsmålarar som vart set opp langs stien i fjor sommar viste omlag 1000 passerande i snitt pr dag i 4-5 veker i høgsesongen. I perioden 10. juli til 1. oktober viste teljaren oppe i lia ved Gjendesheim  vel 46.000 passerande. Laurdagar var den dagen med størst ferdsel.

Arbeid på Besseggenstien - Copyright: Rigmor Solem
Arbeidet på stien er eit tungt og krevande arbeid. Difor var dei alle i Skottland for å læra seg teknikkane før dei starta arbeidet for to år sidan. Foto: Rigmor Solem.

Arbeidet på stien vart i år starte opp den 4. juni. Dersom alt går etter planen vil hovudarbeidet ved Gjendesheim bli avslutta i sommar, etter 4-5 vekes innsats. Da vil dei mest utsette delane av stien på austsida vere ferdig restaurert. Arbeidslaget flyttar i løpet av sommaren vestover til området ovanfor Memurubu. Her vil utfordringane bli minst like store som ved Gjendesheim. I tillegg er terrenget til dels brattare. Fordelen er at arbeidslaget har fått opparbeidd mykje nyttig erfaring.

Kontaktperson:
Prosjektleiar Rigmor Solem
SNO Vang i Valdres.
Mobil: 959 65 158

 

Oppdatert: 02.07.2007