Omfattende skjøtselstiltak i Storsøy naturreservat


Oppdatert: 29.03.2007
Den planta barkogen i Storsøy naturreservat, Stord kommune, er tatt ut gjennom helikopterdrift. Ca 110 m3, hovudsakeleg gran, er fjernet frå reservatet i eit forsøk på å opprettholde den opprinnelege kalkfuruskogen på øya.
Storsøynaturreservat Stord kommune - Copyright: Magnus Steinsvåg
Storsøy naturreservat ligg i Stord kommune i Sunnhordland, i Langenuen ved vestsida ytst i Hardangerfjorden. Foto: Magnus Steinsvåg.

Storsøy er ei øy på 220 dekar i Stord kommune, der heile øya er naturreservat. Opphavleg vart øya verna som landskapsvernområde i 1977, og seinare fekk øya status som naturreservat i 1999. Stord kommune har som einaste kommune i Hordaland, hatt lokal forvaltning sidan 1999. Forvaltninga blei lagt til den interkommunale eininga Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor (SFLMK) frå 2004. Oppsynet med reservatet vert gjennomført av SNO Bergen.

Storsøy ligg på vestsida av Laukhammarsundet, mellom ferjestøa på Hodnanes og Nordhuglo. Storsøy har ein særegen geologi der størsteparten av øya er kalkspatmarmor, og skjel seg sterkt ut frå dei karrige bergartane på Nordhuglo og Skorpo like ved. Den kalkrike bergarten kombinert med det milde og skjerma kystklimaet, gjev eit artsmangfald som er sjeldsynt i norsk natur.

Øya har over 460 registrerte planteartar, og skogen er dominert av høgreist kalkfuruskog med innslag av brakje, barlind, kristtorn, og mange forskjellige lauvtre. På ein god del av furuene slynger bergflettene seg opp mot krona. Skogsbotnvegetasjonen i kalkfuruskogen er karakteristisk for edellauvskog.

I tidlegare tider vart det teke ut kalk frå førekomstane på øya. Dette kan dokumenterast heilt tilbake til 1327, og foregjekk fram til slutten av 1940-talet. Det vart i denne perioden teke ut mykje tømmer frå øya i samband med bergdrifta. Etter 2. verdskrig har det ikkje vore teke ut nemneverdig med tømmer frå Storsøy, og skogen har vakse seg stor, og i dag er heile øya skogkledd. I samband med skogsdrifta vart det planta inn ein del vanleg gran, edelgran og sitkagran, samt eit lite felt med lerk.

Då Storsøy blei verna, vart det utarbeid ein skjødselsplan for skogen på øya. Det vart bestemt at dei trea som ikkje var stadegne skulle takast ut. Dette for å hindra at dei skulle byrja å sjølvfrøa seg og konkurrera mot dei naturlege artane på øya. I første omgong blei edelgrana fjerna, då den spreidde seg mykje.

Storsøy naturreservat, skjøtselshogst - Copyright: Terje HauglandStorsøy naturreservat skjøtselshogst matpause - Copyright: Terje Haugland

 

 

 


 

 

 

Det var hovudsakeleg gran som vert fjerna frå Storsøy naturreservat. Foto: Terje Haugland.

2005 bestemte Stord kommune seg for, i samarbeid med SNO Bergen, å byrja den store jobben med å avverka alle plantefelta på Storsøy. Den praktiske delen av jobben starta i sluten av oktober i fjor, og då vart heile det største granfeltet nordaust på øya felt. I sluten på februar i år blei det minste av dei to store felta søraust på øya felt, samt sitkagranfeltet på midten og vestsida av øya. Hogsten vart gjennomført av tre lokale skogsarbeidarar innleigd av Stord kommune, SFLMK, SNO Bergen og SNO Askøy.  Sjølve hogsten tok seks dagar, fordelt på fire dagar på det store feltet og to dagar på dei mindre felta.

Storsøy naturreservat helikoptertransport av tømmer - Copyright: Magnus Steinsvåg

Storsøy naturreservat helikoptertyransport - Copyright: Ragni Nordås

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tømmeret vart transportera ut av skogen med omlag 100 hiv med helikopter, til tømmerkaien på Nordhuglo, då dette var den tryggaste og mest skånsame måten å få tømmeret ut av det krevjande og ulendte terrenget på. Foto: Ragni Nordås (t.v.) og Magnus Steinsvåg (t.h.).

Tiltaket vart gjennomført ved at tre personar frå Stord kommune og ein mann frå Airlift tok imot tømmeret på tømmerkaien, medan tre lokale skogsarbeidarar frå Stord og to personar frå SNO var på øya og stroppa tømmeret. Alt gjekk etter planen, og alt tømmeret vart transportera ut på ein dag. Det som gjenstår no er litt ryddearbeid på Storsøy slik at alle stiar er opne og fri for bar, og å luka ut småplanter som har frødd seg frå edelgranene. Dette arbeidet vil bli gjort i løpet var våren.

Kontaktperson: Ragni Nordås, SNO Bergen, tlf. 959 67 043

 

 

Oppdatert: 29.03.2007