Villreinjaktoppsynet i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder


Oppdatert: 29.11.2006

Det har vore ei roleg og fin jakt i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei i år. Jegerane synte ein god jaktmoral og var opptekne av å jakta på ein forsvarleg og fin måte. Det er registrerte to lovbrot i jaktperioda, men begge gjeld brot på verneforskriftene i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Oppsynet har ikkje sett eller fått meldingar om skadeskotne dyr, men har avliva tre dyr som var skadde av andre årsakar.

Villrein Setesdalsheiene (460) - Copyright: Jon-Erling Skåtan
Ein villreinbukk frå Setesdal Ryfylkeheiane. Foto: Jon-Erling Skåtan


Oppsynsrapporten og fellingsstatistikken frå årets villreinjakt i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei vart lagt fram på oppsummeringsmøtet på Hovden nyleg
. I Våmur-Roan var det ikkje jakt dette året. Heile rapporten kan du lesa her (3,05 Mb).

Det er registrerte to lovbrot, begge gjeld brot på verneforskriftene i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. I tillegg vart det geve åtvaring for bråt på viltlova og verneforskriftene.

 

 Totalt vert det feld 174 dyr i Setesdal Vesthei - Ryfylke  og 120 dyr i Setesdal Austhei villreinområder, noko som tilsvarar 23,1 % og 43,3 % av fellingskvota. Oppsynet har ikkje sett eller fått meldingar om nokon skadeskotne dyr. Det vart avliva tre skadde dyr, men desse skadane skuldast ikkje skadeskyting.

  

Jaktoppsynet i dei tre sørlegaste villreinområda her i landet er ei samhandling mellom Setesdal Ryfylke villreinlag, Politiet og Statens naturoppsyn. Oppsynet har prioritert oppgåvene slik: 

-         Førebygging, rettleiing og informasjon

-         Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte og at ettersøk av påskotne dyr vart utført

-         Kontroll med motorferdsel i utmark og vassdrag samt kontroll med verneforskriftene i verneområda

 

 

Villreinområda i Setesdal Ryfylke, Setesdal Austhei og Våmur-Roan er knytte til oppsynssentralen på Nasjonalparksenteret på Skinnarbu, i Tinn komune. Også villreinområda  i Nordfjella, Brattefjell/Vindeggen, Blefjell, Norefjell/Reinsjøfjell og på Hardangervidda er knytte til same oppsynssentralen. Sentralen var tilgjengeleg for jegerane på tlf. 81532450 mellom klokka 0800-2000 kvar dag. Det vart registrert totalt 1535 telefonar  i jakttida.

  

Kontaktpersonar:        

Reidar Johan Sandal, Statens naturoppsyn, tlf. 90877844

Jøren-Ola Ousdal, Setesdal Ryfylke villreinlag, tlf. 38370563

Oppdatert: 29.11.2006