Villreinjaktoppsynet på Hardangervidda


Oppdatert: 08.12.2006
På oppsummeringsmøtet etter årets villreinjakt på Hardangervidda i Ullensvang i dag vart oppsynsrapporten og fellingsstatistikken lagt fram. Naturoppsynet hadde spesielt fokus på førebygging, rettleiing og informasjon til jegerane. Totalt vart det anmeldt 5 lovbrot i jaktperioden og gitt 31 advarslar. Av den totale fellingskvota på 2500 dyr vart 1024 felt.

Heile oppsynsrapporten med fellingsstatistikk frå 2006 kan du lesa her.
Oppsynsrapporten frå 2005 finn du i oversikta over rapportar.

Villrein Hardangervidda - Copyright: Terje Kvalvik
Villreinfolkk på Hardangervidda. Foto: Terje Kvalvik

Villreinjakta på Hardangervidda- leveområdet for Europas største villreinstamme- vart avslutta 30. september etter å ha vart i 6 veker. Enkelte av statsalmenningane hadde noko kortare jakttid.  Fellingskvoten for Hardangervidda var i år 3500 dyr. Totalt ble det felt 1024 dyr (29,3 %).

 Naturoppsynet har prioritert oppgåvene slik:
  • Førebygging, rettleiing og informasjon.
  • Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte, og at ettersøk av påskotne dyr vart utført.
  • Kontroll med retta avskyting og gjeldande regelverk for Hardangervidda villreinområde.

Naturoppsynet har i år registrert 6 lovbrot. Desse fordeler seg slik: 1 manglande ettersøk villreinjakt, 3 forhold på småviltjakt, ei ulovleg landing med fly,og eit forhold på fiske.  I tillegg vart det gjeve 31 advarslar fordelt på ulike lovbrot. 

I forhold til problematikken rundt skadde dyr, - så synest total volumet å vera nokolunde likt med foregåande år.  Oppsynet har avliva 6 skadde dyr mens jegrane har avliva 13. Oppsynet har inntrykk av dei aller fleste jegrane jaktar på ein forsvarleg måte, men ein har i år og  sett eksempel på uheldig og stygg jaktutøving.  Noko som igjen stadfester trongen for at både informasjon, rettleiing og kontroll framleis må ha fokus under jakta. 

Oppsynet vil i år som i fjor minne jegrane om  at det er viktig med ettersøk av påskotne dyr der desse ikkje fell umiddelbart.

Jaktoppsynet på Hardangervidda er ei samhandling mellom Statens naturoppsyn, Hordaland, Nordre- Buskerud og Telemark politidistrikt og Hardangervidda fjelloppsyn a/s.  Mannskap frå desse har utført tilsaman 2418 timar i felt,  og kontrollert/ infomert 2104 jegrar. 

Oppsynssentralen er som før lokalisert til nasjonalparksenteret på Skinnarbu. Som tidlegare år har det vore tilknytta fleire villreinområder til denne sentralen. Dette er, i tillegg til Hardangervidda; Setesdal/Ryfylke, Nordfjella, Brattefjell/Vindeggen, Norefjell/Reinsjøfjell og Blefjell. Denne sentralen har vore tilgjengeleg for jegerane på tlf 81532450 mellom klokka 0800-2000 kvar dag i jakta. Dette har vore ein servicetelefon med generell informasjon og veiledning. Det vart registrert totalt 1535 telefonar over denne telefonen i jakta.   

Kontaktpersonar:

Koordinator for Politiet: Terje Kvalvik, Odda, tlf. 53651500/ 95023580
Koordinator for SNO på Hardangervidda: Knut Nylend, Skinnarbu,
t
lf. 35081251/99529387.

Oppdatert: 08.12.2006