Landets første fugletårn med rullestoltilgang


Oppdatert: 25.08.2006
Bøyaøyri naturreservat i Fjærland i Sogn har fått landets første fugletårn med rullestoltilgang. Tårnet ble opna 24. mai av ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter. Fugletårnet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Bremuseum, Norsk Ornitologisk Foreining, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og SNO.
Fugletårnet i Bøyaøyri naturreservat - Copyright: Rein-Arne Golf
Fra opninga av fugletårnet. Foto: SNO v/Rein-Arne Golf.

Bøyaøyri ligg ope til inst i Fjærlandsfjorden. Dette er ein av dei få fjordbotnane på vestlandet som er lite påverka av menneskeleg aktivitet, og her har fuglane ein tiltrengt raste- og hekkeplass. Spesielt i vår- og hausttrekket er deltaet viktig for ande- og vadefuglar. I alt 101 fugleartar er registert i naturreservatet. Vegetasjontypen er havstrand som strekker seg frå unnselege planter som grusstorr til større planter som mjødurt inn mot dyrkamarka.

Det er ein gamal idè og ønskje frå Fjærland å få til eit fugletårn ved våtmarksreservatet. Heilt kant-i-kant med reservatet ligg det ein liten asfaltert rasteplass som peikte seg naturleg ut. Ulempa med nærleiken til fuglane var at mange vart skremde når folk steig ut av bilen. Difor var det viktig å få til ei skjerming mot reservatet. I staden for å plante inn tre og buske, som ikkje høyrer heime i deltaet, så vart det teikna ein bygning med ein lang levegg. Når det skulle byggast ei skjerming og ein i tillegg ikkje hadde trong for å kome så høgt opp, så kom idèen om å bygge ei rampe. Denne gjer då at det er full tilkomst med rullestol til fugleutsiktspunktet.

Fugletårnet i Bøyaøyri naturreservat - Copyright: Rein-Arne Golf
Mange naturinteresserte hadde møtt fram for å være med på opninga. Foto: SNO v/Rein-Arne Golf.

For eitt år sidan, på onsdagen før helgetorsdag, sette dåverande miljøvernministar Knut Arild Hareide det første spadestikket til bygging av fugletårnet. No kan ein både nytte og nyte dette bygget som vert opplevd som meir enn eit fugletårn. Arkitekt Hallvar Trohaug let seg inspirere av både dei gamle bryggene i Fjærland og av oppbygde stiar i våtmarksreservat når han teikna bygget. I tillegg klarte han å lage ein levegg som både er funksjonell og har eit levande og lett uttrykk. Fugletårnet, eller kanskje fuglekikkarstaden, har fått eitt arkitektonisk utrykk i trå med tida og den kreative bygda som Fjærland er.

Fjærland skule og ein god del fjærlendingar møtte opp til opninga i tillegg til innbodne gjester. Etter opninga fekk folk høve til å lære meir om naturreservatet og fuglelivet der frå representantar frå NOF, Fylkesmannen og SNO.

Kontaktperson SNO:

Anne Rudsengen
SNO Sogndal
Tlf: 57 67 56 30 / 959 63 888
E-mail

Oppdatert: 25.08.2006