Rapport om naturoppsynet under villreinjakta i Setesdal-Ryfylke, Setesdal-Austhei og Våmur-Roan villreinområde 2005


Oppdatert: 02.12.2005
Rapport om naturoppsynet under villreinjakta i Setesdal-Ryfylke, Setesdal-Austhei og Våmur-Roan villreinområde 2005

Villreinjakta vart avslutta 30. september etter å ha vart i seks veker. Fellingskvoten var dette året på 753 dyr i Setesdal-Ryfylke. Det vart felt 192 dyr. I Setesdal-Austhei var kvoten 277. Fellinga her var 111 dyr. I Våmur-Roan var kvoten på 20 dyr. 15 dyr vart felt her.



Villrein. Foto: Jon-Erling Skåtan.

Naturoppsynet i desse områda er eit samarbeid mellom Setesdal-Ryfylke villreinlag og Statens naturoppsyn (SNO). I samband med jakta er det oppretta ein oppsynssentral som er lokalisert til nasjonalparksenteret på Skinnarbu. Fleire villreinområde er knytt til denne sentralen. Forutan Setesdal-Ryfylke villreinområde, er dette Hardangervidda, Setesdal-Austhei, Våmur-Roan, Brattefjell/Vindeggen, Norefjell/Reinsjøfjell og Blefjell. Sentralen er tilgjengeleg for jegerane på tlf. 81 53 24 50 mellom kl. 08.00 og 20.00 kvar dag. Det har vore ein servicetelefon med generell informasjon og rettleiing. Det vart registrert totalt 1.102  telefonar til sentralen i jakta.

Prioriteringane for villreinjakta har vore slik:
1. Informasjon, rettleiing og oppsyn til stades i terrenget.
2. Kontroll med viltlova sine reglar om human og sikker jakt og om ettersøksplikt.
3. Heilskapleg oppsyn med lokale prioriteringar.

Ei sak er meld til politiet. Dette gjeld mistanke om felling av villrein etter at jakta var slutt.

Jakta har vore roleg og fin. Det er ikkje meldt til oppsynet om stygge episodar eller skadeskotne dyr. Inntrykket er at jegerane er opptekne av å jakta på ein forsvarleg og fin måte.

Kontaktpersonar:
Reidar Johan Sandal, SNO Suldal, tlf. 52 79 48 60 / 908 77 844
Jøren-Ola Ousdal, Setesdal-Ryfylke villreinlag, tlf. 38 37 05 63


Tilbake til hovudside SNO

Oppdatert: 02.12.2005