Naturoppsynet under villreinjakta på Hardangervidda 2005


Oppdatert: 02.12.2005
Naturoppsynet under villreinjakta på Hardangervidda 2005

Villreinjakta på Hardangervidda vart avslutta 30. september etter å ha vart i 6 veker. Enkelte av statsallmenningane hadde noko kortare jakttid. Hardangervidda er leveområdet for Europas største villreinstamme, og fellingskvoten for Hardangervidda var i år på 2500 dyr.



Villrein på Hardangervidda. Foto: Knut Nylend.

Naturoppsynet har prioritert oppgåvene slik:

  • Førebygging, rettleiing og informasjon.
  • Kontroll med at jakta vart utført på ein human måte, og at ettersøk av påskotne dyr vart utført.
  • Kontroll med retta avskyting.

Naturoppsynet har i år registrert 2 lovbrot. Dette er eit lovbrot mot jakt på feil område, og eit mogeleg lovbrot mot ulovleg motorferdsle med helikopter i nasjonalparken.

Dette visar at dei aller fleste jegerane jaktar på ein forsvarleg måte. Det er og eit inntrykk at med færre fellingsløyve og av det færre jegerar, vert det ei rolegare jakt. Det er og eit inntrykk av at med betre opplæring av fyrstegongsjegerane fører dette på sikt til at graden av human og sikker jakt på Hardangervidda aukar.

Oppsynet har i år avliva færre skadde dyr ein vanleg i jakttida. Nokre skadde dyr er avliva av jegerar. Naturoppsynet vil framleis minne jegerane om at det er viktig med ettersøk av påskotne dyr der desse ikkje fell umidelbart.

Like eins vil oppsynet minne om at avliva skadde dyr som ikkje vert tatt på eigen kvote, ikkje vert flytt på før ein har avklart dette med rett myndigheit.

Naturoppsynet på Hardangervidda er ei samhandling mellom Statens naturoppsyn, Hordaland politidistrikt, Nordre- Buskerud politidistrikt, Telemark politidistrikt og Hardangervidda fjelloppsyn a/s. Oppsynssentralen er som før lokalisert til nasjonalparksenteret på Skinnarbu. Som tidlegare år har det vore tilknytt fleire villreinområde til denne sentralen. Dette er, i tillegg til Hardangervidda; Setesdal/Ryfylke, Nordfjella, Brattefjell/Vindeggen, Norefjell/Reinsjøfjell og Blefjell. Denne sentralen har vore tilgjengeleg for jegerane på tlf 81 53 24 50 mellom klokka 0800-2000 kvar dag i jakta. Dette har vore ein servicetelefon med generell informasjon og rettleiing. Det vart registrert totalt 1.102 telefonar over denne telefonen i jakta.

Villreinnemda for Hardangervidda melder om at fellingsresultatet for 2005 blir framlagt på oppsummeringsmøtet etter villreinjakta. Dette møtet vert halde den 26. november på Rauland Høgfjellshotell i Rauland.

Fellingsresultata og heile oppsynsrapporten blir også publisert på denne nettstaden rett etter møtet, laurdag 26. november kl 12.00.

Kontaktpersonar:
Koordinator for Politiet:
Terje Kvalvik, Odda, tlf. 53 6515 00 / 950 23 580
Koordinator for SNO Hardangervidda:
Knut Nylend, Skinnarbu,
tlf. 35 08 12 51 / 995 29 387


Tilbake til hovudside SNO

Oppdatert: 02.12.2005