Ny naturskule opna i Eidfjord


Oppdatert: 21.11.2005
Ny naturskule opna i Eidfjord

Fredag 28. oktober var det offisiell opning og presentasjon av skuleprosjektet Nordisk Naturskule Eidfjord. Naturskulen er lokalisert til Hardangervidda Natursenter Eidfjord, i dramatisk og vakker vestlandsnatur innerst i Hardanger og ved foten av Hardangervidda. Ordføraren i Eidfjord, Ola B. Hereid, ynskte dei vel 70 frammøtte velkomen til Eidfjord. Utdanningsdirektør i Hordaland, Kjellbjørg Lunde, hadde teke på seg oppgåva som gudmor for prosjektet, og stod for den offisielle opninga. 



Nordisk Naturskule Eidfjord er lokalisert til Hardangervidda Natursenter Eidfjord, og størstedelen av ”kunnskapsbanken” til naturskulen finn vi i utstillingane der. Foto: Hardangervidda Natursenter Eidfjord.

Hardangervidda Natursenter Eidfjord har vore eit populært reisemål for skuleklassar sidan opninga i 1995, og det har lenge vore ei målsetjing at desse skulle få eit endå betre tilbod og betre oppfølging når dei besøkjer natursenteret og nærområda i Eidfjord. Men å drive naturskule kostar pengar, og løysinga vart noko så utradisjonelt som eit samarbeid mellom Hardangervidda Natursenter Eidfjord, Statens naturoppsyn (SNO) og Statkraft! Dei tre eigarane av prosjektet har samanfallande interesser av å profilere sine verksemder mot skuleverket, og natur og naturbruk er gjennomgåande tema i undervisingstilbodet til Nordisk Naturskule Eidfjord.



Frå opninga av Nordisk Naturskule Eidfjord. Frå venstre: Vidar Riber, Statkraft; Bjørnar Olsen, Statkraft; Kai Erik Tørdal, SNO; Kjellbjørg Lunde, utdanningsdirektør i Hordaland; Ola B. Hereid, ordførar i Eidfjord; Alf Tore Mjøs, naturvegleiar og ansvarleg for drifta av Nordisk Naturskule Eidfjord. Foto: Nordisk Naturskule Eidfjord.

Statens naturoppsyn har eit lovebestemt informasjonsansvar i høve til Hardangervidda nasjonalpark og andre verneområde, noko direktør i SNO, Kai Erik Tørdal, var inne på i sin presentasjon av naturskulen. Barn og unge – og dermed skulane – er ei viktig målgruppe for haldningsskapande arbeid, både for å informere om verneverdiar og for å oppmuntre til deltaking i miljøvenleg friluftsliv. Tørdal kommenterte også det uvanlege i at SNO og Statkraft er deleigarar i same prosjekt, men rosa samstundes Statkraft som eit statleg utbyggingsselskap med ein god miljøprofil. Informasjonssjef i Statkraft, Bjørnar Olsen, sa i sin tale til forsamlinga at Statkraft reknar med å få godt utbytte av sine investeringar i naturskulen. Statkraft ynskjer mellom anna fokus på vasskrafta som ein rein og fornybar energiform, og dei miljøtiltaka som vert gjennomførte i tilknytning til reguleringane i Eidfjord. Sima kraftverk i Eidfjord er det nest største vasskraftverket i Noreg, og er i tillegg eit besøkskraftverk som tilbyr omvising. Olsen avslutta sitt innlegg med å overrekkje eit bidrag på kr. 800.000 til naturskulen, representert ved adm. dir ved Hardangervidda Natursenter Eidfjord, Oddvar Brakestad.



Direktøren i SNO, Kai Erik Tørdal, presenterte Nordisk Naturskule Eidfjord for dei 70 gjestane ved opninga. Foto: Nordisk Naturskule Eidfjord.

Nordisk Naturskule Eidfjord har som føremål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og relasjonane mellom natur og menneskeleg verksemd. Naturskulens oppgåve er å skape eit nært møte mellom det moderne mennesket og naturen, og auke kunnskapen om nasjonalparkane og verneverdiane i desse.

Dagleg leiar av naturskulen, Alf Tore Mjøs, seier at ei viktig oppgåve er å stimulere barn og unge til utøving og deltaking i friluftsliv, og meistre trygg og miljøvenleg ferdsel i utmark.



Informasjonsdirektør i Statkraft, Bjørnar Olsen (t.v.) stilte med eit bidrag på kr. 800.000 til drifta av naturskulen, her representert ved direktør Oddvar Brakestad, Hardangervidda Natursenter Eidfjord. Foto: Nordisk Naturskule Eidfjord.

Nordisk Naturskule Eidfjord har utarbeida undervisingsopplegg for alle alderstrinn i skulen, og kjernen i undervisingstilbodet er utstillingane natursenteret. Hardangervidda Natursenter Eidfjord er kanskje det mest moderne natur- og kulturhistoriske opplevingssenteret i Noreg. Senteret framstår med moderne og nyskapande formidlingsteknologi, med levande utstillingar i tre etasjar, stor grad av interaktivitet, utradisjonelle akvarier og Ivo Caprino supervideograf med filmen ”Fjord, Fjell og Foss”. Natursenteret formidlar kunnskap og opplevingar om glasiologi, geologi, botanikk, zoologi, ornitologi og arkeologi. Ved å sjå, kjenne, lytte og lære vert du sjølv ein aktiv og kreativ del av utstillinga.

Skular som signaliserer interesse for å besøke naturskulen får klassesett med undervisingsmateriell vederlagsfritt i posten. Faktaheftet ”Natur og naturbruk” inneheldt mykje godt bakgrunnsstoff om Hardangervidda (landskap og klima, geologi, botanikk, zoologi, menneska på vidda), oppgåver, anbefalte ekskursjonsmål mm. Til faktaheftet høyrer det eigne rettleiarar for lærarane, ein for grunnskule og ein for vidaregåande skule. Rettleiarane presenterer forslag til korleis læraren kan vinkle besøket på naturskulen, i høve til dei læremåla som er gitt for dei ulike aldersstega.

Eit besøk på naturskulen før klassen sjølv tek turen ut i naturen er eit idealbilete på ein vellukka ekskursjon. Rusta med mykje god bakgrunnskunnskap frå undervisingsmateriell og besøk på naturskulen har elevane ein god plattform for læring, sa Mjøs i sin presentasjon av naturskulen sitt tilbod til skulane.

Nordisk Naturskule Eidfjord kan kontaktast på e-post naturskule@hardangervidda.org eller telefon 53 66 59 00.


Tilbake til hovudside SNO

Oppdatert: 21.11.2005