Naturoppsyn Setesdal Vesthei
SNO Bykle har ansvar for naturoppsyn i indre deler av Agder.
SNO Bykle har som oppgåve å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygga miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll med reglane gjeve i medhald av Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Oppsynet driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som det kan driva med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
Kontoret har ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i verneområde i Indre delar av Aust-Agder. Verneområda omfattar eit samla areal på 2.534 kvadratkilometer fordelt på 28 naturreservat, tre landskapsvernområde og eit biotopvernområde. Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde står i ein særstilling, og kontoret delar her oppsynsansvaret med SNO Hægebostad og SNO Suldal.
SNO Bykle løyser delar av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå Villreinlaget, som utførar jaktoppsyn under villreinjakta i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.