Naturoppsyn Terje Haugland er tilknyttet Kystseksjon sør og har tilsyn med de nordlige kystområdene i Hordaland.
SNO Askøy har ansvar for naturoppsyn i kystsona i nordlige deler av Hordaland frå Øygarden til Fedje.
Herdla naturreservat med Prestvika i forgrunnen.
© Jostein Sandvik
SNO Askøy har som oppgåve å drive naturoppsyn med heimel i lov om statlig naturoppsyn innanfor sitt oppsynsområde. Formålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet. Meir konkret medfører dette kontroll av bestemmingane gitt i Friluftsloven, Naturvernloven, Motorferdselsloven, Kulturminneloven, Viltloven, Laks og innlandsfiskloven og deler av Forureiningsloven. Oppsynet driv og rettleiing og informasjon, samtidig som det kan drive skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.
SNO Askøy har ein særleg oppgåve med lakseoppsyn i heile Hordaland fylke i perioden frå mars til oktober. Hovudvekt er lagt på oppsyn i Osterfjordsystemet fra ytterste kyst til munningen av Vosso ved Bolstad.
Kontoret driv og mykje med oppsyn i verneområde. Verneområda utgjer eit samla areal på 10 kvadratkilometer fordelt på 68 naturreservat. For å drive oppsyn i dei mange marine verneområda nyttar kontoret oppsynsbåten Skarv. Arbeidet inneberer oppsyn med vernereglene, og i hekketida drivast ein del kontroll i forhold til forbodet mot ferdsel i sjøfuglkoloniane. Andre viktige oppgåver er tilsyn med skilt og informasjonstavler samt oppfølging av forvaltnings- og skjøtselsplanar som gjør at brukarane veit kva dei har å halde seg til.